Viltkveld på Rekkedal

Karen og Terje Kalvatn byr inn til 4 retters middag fredag 25. oktober

Dette blir ein kveld med kortreist mat, frå to kortreiste kokkar. Vi har no set saman ein nydeleg middag med Hjort i fokus.

Til denne kvelden er det lokale ølet ferdig, samt vi har fått oppover nye vinar frå Cascina Desderi.

Karen og Terje vil fortelle om maten du får, og Terje vil også enkelt forklare om tilverking av ølet.

Dette blir ein haustkveld framom grua som du ikkje vil gå glipp av!

Denne kvelden serverer vi:

* Hjortepatè med Kvitlin frå Ørstameiriet

Ramsløk og bladsalat

* Grava kjøt og roastbiff av hjort

flatbrød og nyrørt tyttebær

* Hjortebiff

stekte grønsaker, honning glaserte gulrot, rognebærgele, krema saus og potet/sellerirotmos

* Sjokalodemousse

vaniljekrem, crumble og bringebær. Kaffi og te

Kr 795,-

Vil har set saman ein drikkepakke med lokalt øl og 2 ulike nye vinar frå Cascina Desderi. Pris kr 410,-

Bordreservasjon til post@rekkedalgjestehus.no, frist onsdag 23. oktober.

Velkommen!