Lokala våre

Nyt mat og drikke i eit unikt historisk miljø. Vi har passande lokale for små og store selskap, og ved større arrangement tek vi i bruk alle bygningane.

Nyefjøset

80 personar

Nyefjøset er totalrenovert og har plass til 90 personar rundt den svære grua. Rustikt lokale skapt for blåturar, grilling m.m. Samlingsplass før ein går over i dei andre husa.

Nyestova

76 personar

Nyestova er det einaste nybygg på tunet, der vertsfamilien sitt nære forhold til Italia er inspirasjonskjelda. Fulldekoret av kunstnaren Sigmund Aarseth. Elegant festlokale med plass til 75 personar.

Grindløda

50 personar

Grindbygg frå 1860 som er flytta innpå tunet og fullisolert. Framfor den store grua er det plass til 50 personar.

Vinstova

18 personar

Under Grindløda er vinstova vår. Materiala er frå ei gamal sjøbud og frå den gamle Vestneskyrkja frå 1640.

Iverstova

8 til 16 personar

Nydeleg tømmerbygg frå 1870. På loftet er eit stemningsfullt lokale for inntil 16 personar. I stova nede kan vi servere inn til 8 personar. Stovene i hovedetasjen vert mest nytta til velkomst og å nyte roa.