Vinmakarmiddag på Rekkedal Gjestehus

Årets Vinmakermiddag/førjulsfest 8. og 9. november.


I år krydrar vi kvelden med topp song/musikkinnslag mellom dei 7 rettane og alle vinane. Vertskapet har vore på besøk hos dei norske vinbøndene og vi har sett saman ein fantastisk kveld.

Det kan også vere eit spennande alternativ til juleselskap, både til private og grupper.

Først til mølla….

Årets vinmakarmiddag går av stabelen 8. OG 9. NOVEMBER  
Gjestane vert sessa på langbord under elegante italienske lysekroner i Nyestova.

Vi startar med boble i glaset, og så følgjer rett etter rett avbrote med rikeleg av gode vinar og utsøkte musikkinnslag.

Kvelden vert avrunda til midnatt, og vi kan ordne skyss heim. Dette passar også for firma, og om ønskeleg kan ein ha samling før Vinmakarmiddagen i eit av våre andre hus/lokale på garden. Samla pris for for heile kvelden er kr. 1250 pr pers.

Velkomen, helsing vertskapet.