Haustprogram for Rekkedal Gjestehus

Den fantastiske sommaren er enno ikkje over. Den gjev også grunn til litt ettertanke..

Vi har brukt rolege dagar til å sette isaman mange spennande opplegg utover hausten 2018.

Her er ein smakebit av noko av det vi kan tilby:

  • Skreddarsydd opplegg for små og store grupper der lokalmat av høg kvalitet, gode vinar, hyggeleg miljø og godt vertskap står sentralt.
  • Grillarrangement i Fjøsen med høgstandargrill og mykje godt tilbehør.
  • 12. oktober - Saudehaudfest i Fjøsen med hjortepølse og mykje godt tilbehør.
  • 2.-3. november - Vinmakarmiddag. 2 profilerte vinbønder og deira hovmeister besøkjer oss. Vi serverar 7 rettar med deileg mat, vin og tilhøyrande historier. Dette er årets middag!!
  • Frå fredag 16. november - Juleselskap med tradisjonell julemat og julestemning i alle husa. Betre førjulsstemning får du ikkje. Ope tirsdag-laurdag fram til julefreden senker seg.
  • Årets vintur går 19.-23. september til Cascina Desderi i Piemonte. Dette er ein fantastisk tur der vi bur på den herskapeleg vingarden til Trond og Roald. Få ledige plassar, så ta kontakt snarast viss du vil vite meir. (Eller sjekk ut filmen frå Cascina Desderi )

Skulle dette friste, eller du lurer på noko anna, ta gjerne kontakt med oss.

Hausthelsing frå Margrethe og Bjarne ved Rekkedal Gjestehus.

Facebook til Rekkedal Gjestehus

Film frå Rekkedal Gjestehus