Hausten er i gang.

Vi har no stempla inn for hausten og er klar for å ta imot mange hyggelege gjestar

Etter nokre rolege dagar der vi blant anna har henta inspirasjon på Lom hos Arne Brimi, er vi igjen klar for gjestar. Vi har alt tatt imot vennegjengar, fjellfolk, slektstreff, og ikkje minst bryllup, og ser fram i mot ei innhaldsrik og spennande haust. Ønsker du å oppleve noko ekstra i haust? Vi har nokre få plassar ledig på vår hausttur til vingarden Cascina Desderi i Asti. Ta gjerne kontakt for meir informasjon.