Årets vinmakarmiddag på Rekkedal Gjestehus

2. og 3. november 2018


Nok ein gong inviterar vertskapet, ilag med dei to vinbøndene frå Piemonte, til ein topp 7-rettars norsk/italiensk middag. Mottoet er “Kortreist mat med langreist oppskrift”.

DATOEN ER 2. OG 3. NOVEMBER KL 19.30. Gjestane vert sessa på langbord under elegante italienske lysekroner i Nyestova.

Vi startar med boble i glaset, og så følgjer rett etter rett avbrote med rikeleg av gode vinar og Trond sine gode historier frå den nydelege vinfarmen deira. Sjå film frå Cascina Desderi.

Deira italienske hovmeister har ansvaret for at vinane passar til dei ulike rettane. Kvelden vert avrunda før midnatt, og vi kan ordne skyss heim. Dette passar også for firma og om ønskeleg kan ein ha ei samling før Vinmakarmiddagen, i eit av våre andre hus/lokale på garden. Samla pris for for heile kvelden er kr. 1250 pr pers.

Velkomen, helsing vertskapet.